![]() |
|||||||||
Den største faren i vinterfjellet
er
snøskred, og statistikken syner at sjansen er liten om ein
fyrst
vert begreven. Kvar går skredene? I kva type snø og vær går skredene? Dette er spørsmål me vil prøve å få svar på i løpet av desse dagane. I tillegg vil me øve på kva me skal gjere om ein sjølv eller ein kamerat fyrst vert begreven av snø. Me går på tur for å nytte oss av lærdomen, kvar dag. Deltakarane skal gjennom kurset oppnå ei grunnleggjande forståing for snøskred, snøskredfare, vurdering av terrenget og andre høve som påvirkar skredfara samt vegvalg i skredfarleg lende. Me gjev innføring i metodar for å undersøke snødekket og stabilitet. Etter kurset skal ein også meistre kameratredning ved snøskred. Me legg vekt på mykje tur og vegleiing på kurset. Jostedalskursa går over 3, eventuelt 5 dagar, mens skredkursa på Fondsbu går over ei helg, 2 dagar. Oppmøte kvelden før med gjennomgang av program og introduksjon av vegleiarar og deltakarar. Momentliste: - Lendevurderingar. - Snøkjennskap. - Vær og vind. - Orientering. - Kameratredning. - Sende / mottakarutstyr. - Fyrstehjelp i fjellet. - Turplanlegging. Utstyr: Varme kler til vintersbruk, inkludert varmt undertøy og regn og vindtette ytterklede. Ski eller snøbrett og trug., spliboard. Skifelder. Om du har; sendar/mottakarutsyr ,spade,søkestang, vinkelmålar Dagstursekk 30-50 liter. Overnatting: Jostedal hotel eller Jostedal Camping. Namnet antyder at det vil leggje meir vekt på ferdsel i bratt
lende. Alpinsnøskredkurs vil gå over 5 dagar og
innehalde
moment som snøbakketeknikk, skiteknikk i brattare lende og
mykje
øving på bruk av kameratredning. Me vil
øve
på taktisk køyring i heng med omsyn til disiplin
og
korleis belaste snødekke mindra. Både randonnee,
telemarkski med plastsko kan nyttast. Kurset vil også gjennomgå det ein gjer på eit 3-dagrs kurs, alt etter nivået på deltakarane. Me vil også nytte ein dag ved Sogn Skisenter for å få fleire høgdemeter med vurderingar med tanke på sporval nedover og skiteknikk. Det vil vere meir fokus på stabilitetstestar og praktisk tilnærming til skredterreng. Oppmøte kvelden før med gjennomgang av program og introduksjon av vegleiarar og deltakarar. Momentliste:
- Lendevurderingar. - Snøkjennskap. - Vær og vind. - Orientering. - Kameratredning. - Sende / mottakarutstyr. - Fyrstehjelp i fjellet. - Turplanlegging. Utstyr: Varme kler til vintersbruk, inkludert varmt undertøy og regn og vindtette ytterklede. Ski eller snøbrett og trug., spliboard. Skifelder. Om du har; sendar/mottakarutsyr ,spade,søkestang, vinkelmålar Dagstursekk 30-50 liter. Overnatting: Overnatting: Jostedal hotel eller Jostedal Camping. |
|||||||||
|
Hovudside Skredkurs Isklatrekurs Topptur Jostedal Skitur Eidsbugarden Skitur Austerrike Isgrotter Himalaya Om F I M B U L Jostedal Blogg FIMBUL Jostedal DA 6871 Jostedal Tlf: +47 99 45 09 21 post@fimbuljostedal.no |
|||||||||
|