![]() |
|
|
Rondane
Med ein forsiktig start nord for Lillehammar endar vi opp ved dei høge toppane i Rondane. Frå Rondevassbu tek vi ein dagstur til Vesle-Smeden, 2200 moh. og får ein flott utsikt over dei fjellområda omkring. Derfrå går me aust for Trollløypa. På turen overnattar vi i små, sjølvbetjente hytter og går i eit avslappa tempo. Du bør kunne bære ein ryggsekk på omlag 12 kg og beherske fjellskilauping. Denne turen er ein klassikar! Oppmøte kvelden før med gjennomgang av program og introduksjon av vegleiarar og deltakarar. Overnatting: På betjente og sjølbetjente hytter. Breheimen Denne skituren tek deg gjennom noko av vestlandets finaste og mest idylliske skiterreng. Høgdepunkt på turen vert 2000 meteren Tverrådalskyrkja, men turen over Spørteggbreen er og verdt å nevne. Den flotte utsikta til Jotunheimen og Jostedalsbreen er eineståande. Me startar i Fåberg i Jostedalen og går via Sprongdalen til Arentzbu. Herifrå vert det ein dagstur til Tverrådalskyrkja. Dagen etter går me til DNT hytta Fast og deretter Vigdalen. Så ber det over fjellet og me endar i Engadalen i Gaupne. Turen kan reknast som ein medium tung - tung tur. All overnatting vil skje på sjølvbetjeningshytter. Jotunheimen Bli med på ein seks dagars hytte til hytte tur i hjarte av Jotunheimen, frå aust til vest. Me startar på Gjendesheim går så til Glitterheim, deretter mot Spiterstulen og sidan avsluttar vi turen på Fondsbu, ved Bygdin. På turen får me både korte og lange dagar, men ruta er fleksibel ut frå vær og snøforhold. Om været tillet det går me innom nokre toppar på turen. Instruksjon i svingteknikk og tips om vinterfjellet kjem vi innom på vegen. Oppmøte kvelden før med gjenomgang av program og introduksjon av vegleiarar og deltakarar. Overnatting:På betjente og sjølbetjente hytter. Tafjordfjella Ein flott skitur som går i fjella mellom kyst og innland. Turen går i variert fjellterreng: Lange slake dalar og brattare fjellsider mot slutten av turen. Vidare legg vi skisporet oppom 2-3 toppar , mm. Pyttegga og Karitind . Turen er blir lagt opp etter ver og føre, men vi startar på Bjorli og endar på Grotli. Turen er ikkje av dei meste teknisk krevjande , men god fysisk form er fint. Overnating på sjølvbetjete hytte. |
|
|
Hovudside Skredkurs Isklatrekurs Topptur Jostedal 2000 Eidsbugarden Hytte til hytte Himalaya Om F I M B U L Jostedal Lenker Foto FIMBUL Jostedal DA 6871 Jostedal Tlf: +47 99 45 09 21 post@fimbuljostedal.no |
|
|