Skiing in Jostedal, Norway

ISGROTTENE I BREEN 
Anne Marte under isen Vil du oppleve eit eventyr av is og fargar? Me arrangerar turar inn til  breen, og  inn i store og små grotter. Det er ei  unik oppleving å sitje under isen og sjå dei ulike blåfargane og korleis isen endrar seg med lyset. Turen inn til breen tek frå 1 til 2 timar. Lettast er det på ski, og då tek det omlag ein time inn. Også trugar egnar seg, og me vil bruke i underkant av 2 timar frå bilvegen til breen.

Obs! Sjå faktaboks til høgre for  prisar og overnatting.

Sjå her for bilete frå i år.

Bilete frå i fjor.

Vi vurderer isstabiliteten ved breen  og isen over vatnet, og ikkje minst snøskredfaren i denne tronge dalen. Deretter
lokaliserer vi dei unike grottene, og beveger oss inn under den 1000 år gamle isen...

De treng å ta med ski, helst fjellski. Også truger kan nyttast,  vi har til utlån.
Vi kan stille med utsyr om de manglar noko.

Tilfredse turistar utanfor isgrotta.Det trengs vanleg form for å komme seg dit.

Ta kontakt på e-post eller telefon for tinging av tur.

Be om tilbod for grupper!
Tur til Isgrotter

November til ut april

Kr. 800,- pr.pers.
Minimum 3 stk.

1-2 pers. Kr 1900,-

Prisar inkluderar skiutsyr og sikringsutsyr, men  ta med dine eigne ski om du har.

Vi har også ei pakke med hotellovernatting og frukost, lunsjpakke og middag pluss føring for 1400,- per pers.


Overnatting:
www.jostedalhotel.no
www.jostedalcamping.no

Avstandar til Jostedalen:
Oslo 370 km
Bergen 260 km
Florø 205 km
Lillehammer 300 km

Bussruter til Sogndal:
NOR-WAY Bussekspress