|
Jostedalen,
verdens beste stad for
skikøyring?
Den beste snøen!
|
Arve
Tvedt
UIAGM / IFMGA Tindevegleiar |
Bjørnar
Bjørhusdal
NF-Breinstruktør |
Roger
Vigdal
UIAGM / IFMGA Tindevegleiar |
|
|
|
|
Brattkøyringskurs
i Jostedalen eller Hurrungane
Fimbul
arrangerar til våren fleire kurs i bratt
skikøyring. Me vil komme mykje inn
på skiteknikk i bratt lende. Bruk av isøks og
stegjarn i bratt snø og lære oppbremsingsteknik
ved
utgliding på veg opp.
Ta kontakt på e-post for tidspunkt og påmelding.
Klatreføring
Interessert i å
få ein klatretur kombinert med flott natur? Hurrungane byr
på noko av den villaste naturen i Norge. Mange av toppane kan
nåast med lett klatring. Eller kanskje ein ryggtravers kor
ein er oppom mange 2000m toppar?
:: Vigdal
Fjelling ::
Himalaya
våren 2010?
Drøymer
du om å bestige ein 8000m topp? Klatre verdas vakraste fjell?
Oppleve naturen og kulturen i
små fjelllandsbyar i Nepal? Eller kanskje køyre
på
ski ned frå ein 7000m topp? Himalaya guides kan levandegjere
desse draumane! Lokale førarar gjev enkle
løysingar og pengane havnar på rette staden, ikkje
i USA eller Australia.
::
Les meir
>>
Ötztal
rundt eller andre turar i Alpane?
Vinteren
2011 arrangerar me tur til Ötztal i Austerrike. Ein av dei
store
klassiske høgfjellsturane i Alpene.
Ta kontakt for meir informasjon!
Les
meir
>>
|
|
(23.05.2010)
Brefestivalen nærmar seg.
Det er ikkje forseint å melde seg på
dei ulike aktivitetane som vert arrangert. Fimbul har både
skikurs og toppturar på programmet.
(03.05.2010)
Interessert
i 2000m toppar i Hurrungane i sommar? Ein ryggtravers med lett
klatring er noko dei fleste kan klare. På bestilling kan det
arrangerast tur til alle dei kjente toppane i Hurrungane.
For bestilling avv klatreturar i sommar les meir på:
:: Vigdal
Fjelling ::
(23.04.2010)
Norsk
Brefestival vert arrangert for 3 gang i Jostedalen 03. - 06. juni.
Sjå meir om program og innhald på nettsida til
Brefestivalen.
www.brefestivalen.no
(26.03.2010)
Ynskjer
du å prøve ut
korleis det er å køyre 40-50 grader bratt under
trygge
forhold?
Me arrangerar kurs i bratt skikøyring i fyrste halvdel av
mai.
Vi har 2 dagars kurs i Jostedalen med overnatting på Jostedal
Hotell
med fullpensjon for kr. 2800,- Det krev at det er minimum 3 deltakakar.
(10.03.2010)
Har
du ynskjer om å bestige
ein 2000m topp på ski i vår eller kanskje ta ei
langhelg i
Jostedalen med mykje bra skikøyring? Fimbul har ledige
fjellførara i april og mai. Gode tilhøve i
fjellet,
både i Jostedalen og Hurrungane.
(15.02.2010)
Stor
aktivitet i Jostedalen i
helga for oss med 2 skredkurs. Godvær som me er vorte vandt
med i vinter, og interessante snøforhold!
Biletet er frå trening med søkestenger og
søk i skred utan sende/mottakar.
(04.02.2010)
NF-skredkurs
i Jostedalen til neste helg. Forsatt nokre plassar ledige!
Vert sosialt med mange påmeldte. 3 dagar med
skikøyring og mykje læring. Overnatting i nye
flotte hytter ved Jostedal Camping.
Skiturar som byr på noko av den beste skikøyringa
i landet!
I Jostedalen har vi bra med snø og forholda ligg godt til
rette
for eit bra kurs.
(29.01.2010)
Lite
snø ved Sogn Skisenter gjer at me må forskyve
skredkurset der til Mars. Nye datoar vert 13. - 14. mars. Hovudvekta
på dette kurset vert skikøyring kor linjeval og
køyremønster vert trena på.
::
les meir ::
(02.01.2010)
Fantastiske
skiforhold i fjellet no! Mykje laussnø og i høgda
er det ogso god såle.
Biletet er frå tur på Buskrednosi i dag!
Bjørnar i farta ned mot fjellstølen i Vigdalen.
(Nyttårsafta!)
Fimbul
ynskjer alle våre
gjester i 2009 og våre nye gjester i 2010 eit Godt Nytt
Skiår!
Forholda i Jostedalen er veldig bra for skiturar nå! Mykje
fin
laussnø!
(23.12.09)
Fimbul
ynskjer alle våre
gjester i 2009 og våre nye gjester i 2010 ei God Jul!
(13.11.09)
Skredkurs
som årest julegåve? Fimbul har
gåvekort på skredkurs til vinteren. Me arrangerar
mange skredkurs, både 2 dagars i skisenter og 3 eller 5
dagars. Kontakt oss på e-post eller telefon så
ordnar me julepresangar!
Meir informasjon om våre skredkurs. ::
les meir ::
(06.10.09)
Følg
med på snøfall, isutvikling og turar på
bloggen vår her: Blogg
(03.10.09)
Vinterens
skredkursprogram er no
på plass! Sjå våre nettsider for pris og
datoar. Nytt
i år er at vi inkluderar overnatting på kursa i
Jostedalen
i prisen. Vi nyttar dei flotte vinterisolerte hyttene ved Jostedal
Camping. Her er det både vedfyring og varmekablar,
og plass til 7 personar.
(22.08.09)
Vinteren
2010 nærmar
seg! Neste vinters kursprogram er under
utarbeiding, med datoar og innhald. Det vert snøskredkurs,
isklatring, skikurs og kurs i nordisk fjellferd.
Ellers vil me også fortsette med isgrotteturar i 2010.
Trugeturar med bålbrenning på kveldstid vert det
også tilbod om. Toppturhelgar i samarbeid med hotellet og
eindel nye tilbod kjem!!
Følg med på websida vår utover hausten
for datoar og nye tilbod!
(21.08.09)
Video
og litt fleire
bilete frå skredkurset ved Sogn Skisenter. Nye kurs vert
arrangert i januar og februar
2010. Kurset for deg som vil kombinere mykje skikøyring med
skredlære.
::
Video
her...
(21.08.09)
Isklatresesongen
startar snart og Nigardsbreen er velegna til å klatre bratt
is
no i oktober og november. Det er fleire vasshol kor ein kan klatre
vertikal
is. Me arrangerar både 1 og 2 dagars opplegg med isklatring.
I samarbeid med Jostedal Hotell eller Jostedal camping kan me ordne
overnatting også. Ta kontakt for pristilbod for
grupper.
(21.08.09)
Forsatt
ledige
plassar på Himalayaguides sin tur til hausten 2009.
Ta kontakt med dei på e-post om Verdas Vakraste Fjell
fristar!
Les om turen på engelsk her: Ama Dablam info
info@himalayaguides.com
(25.04.08)
Vårskikøyringa
tek nesten knekken på
oss... Tidleg opp og lange dagar i sola. Forsatt gode
laussnøforhold i
nordsidene. Dei 14 siste dagane er vel noko av det beste me har hatt
på 20 år! Skisesongen fortset utover i mai og juni.
Me arrangerar turar på bestilling, både i
Jostedalen og Jotunheimen.
19. - 22. juni vert det Brefestival att med ulike aktivitetar.
Sjå video frå litt av dagane på ski i
Jostedalen.
::
Sjå
video >>
|
|
|
|